Ørskog Frivilligsentral

Alle kan kome med idear til kva Ørskog Frivilligsentral skal innehalde. Frivilligsentralen skal hjelpe til å realisere idear frå lag og organisasjonar og einskiltpersonar. Gjerne koordinerande oppgåver mellom fleire. Vi er avhengige av frivillige for å kunne gjennomføre ideane så fortel meg kva de har lyst til å gjere.