Ønskes kjøpt, selges, gis bort, byttes - Nesodden

Ei fjesbokside for dei som har noko dei ønsker å kjøpe, selje, bytte eller bare gi bort.

Det er store fordelar for oss på Nesodden å handla på "øya", sleppe å køyre rundt, og nyta godt av tiltrua vi har til kvarandre her ute. Det visar òg igjen i butikkane her, vi opplever at det er mogeleg å betale seinare når vi ikkje har med nok pengar, vi ser at gamle får spørsmål om heimkjøring av varer.

Gruppa er open for alle ærlege sjeler. Uærlege sjeler blir outa!
Her kan alt leggast ut: møbler, syklar, bildelar, barneutstyr, hus, dyr, klede …
Vi kan diverre ikkje ha innlegg frå butikkar og offentleg sal her, men loppemarknader kan du får lov å informere litt om.

Det er lurt å trykke på knappen "liker" når du legg inn ei annonse. Slik vert dine venner varsla om meldinga di.

Det er mogeleg å få varsel om innlegg i gruppa; Sjå øverst til høgre på sida, der det er "innstillinger for varsel".

Det er mogeleg å søke i alle annonsane ved hjelp av forstørrelsesglaset oppe til høgre (gjeld fullversjonen av Facebook).

Nokre reglar:
* Facebook tillet å by fram varer og tensester og å lenke til sider som finn.no.
* Facebokk tillet at pris vert sett på ei vare.
* Facebook forbyr handel på opne sider, alle avtaler må difor gjerast på direkte mail (Facebook -mail kan nyttast), og ikkje i kommentarfelta.
* Facebook tillet budrundar i grupper. Men verken Facebook eller me administratorar tar noko ansvar for budrundar eller anna handel.
* Det er lov å dytte bilete og innlegg, men helst ikkje meir enn ein gang kvar dag.

Det er mange annonsar her etter kvart og om du føler trong til å rydde litt, så kan du be om administrator-verktøy frå meg. Då kan du også legge til nye medlem i gruppa.

Annonsar som ikkje er gyldige lenger bør slettast, det kan du som skreiv inn annonsen gjere sjølv. Når annonsane har loge lenge utan aktivitet, kan ein administrator fjerne han.

Facebook er slik laga at det tar tid å bla nedover, difor bør alle begrense seg så godt som mogeleg. Det er også mogleg å ta bilde av fleire ting samtidig, dei som er intreresserte kan få tilsendt fleire bilete. Hugs at det er mogleg å søke i gruppa!

Hugs også at det finst administratorar som kan slette innlegg og kaste ut medlem. Det er også mogleg å blokkere brukarar slik at innlegga frå dei blokkerte ikkje vert synleg for deg.